Samandrag av dr. philos. avhandlinga "Pedagogisk psykologi i undervisningsfaget pedagogikk - Systematisk skisse. Læreplan-, lærebok- og debattanalyse i norsk lærarskulepedagogikk 1938-1974" (1997) av Jostein Sæther

Avhandlinga er skriven innanfor faget pedagogikk og tek opp spørsmålet om innhald, idear og intensjonar i den pedagogiske psykologien i norsk pedagogisk tradisjon mellom åra 1938 og 1974. Det er i hovudsak undervisningsfaget pedagogikk som er i fokus. Hovudproblemstillinga er knytt til spørsmålet om kva som har karakterisert utviklinga av pedagogisk psykologi i norsk lærarskulepedagogikk med særleg vekt på spørsmålet om det er grunnlag for å tale om to ulike tradisjonar i perioden.

Materialet som blir analysert, er først og fremst læreplanar, lærebøker og debattinnlegg. Synspunkt frå norsk positivismedebatt og nyare internasjonal litteratur om pedagogisk psykologi som undervisningseining blir nytta som bakgrunn for å komme fram til dei analytiske perspektiva.

I ein innhaldsanalyse av dei aktuelle aktstykke blir det argumentert for at det i perioden gjorde seg gjeldande spenningar i forestillinga om den pedagogiske psykologiens rolle. Eit syn med vekt på pedagogisk psykologi som instrumentell-teknisk vitskap, som ein smalare forstått læringspsykologi meir isolert frå andre psykologiske tema og andre fag og erkjenningskjelder blir hevda å stå i ei viss spenning til eit syn som meir legg vekt på lærarstudenten si personlegdomsdanning og å forstå meir av barnet si totale personlegdomsutvikling. Innanfor dette siste grunnsynet finn ein mindre vekt på eit empiristisk kunnskapsomgrep, og pedagogisk psykologi blir oppfatta som eit breiare forståingsorientert og vitskapsteoretisk reflektert fagområde i det ein og vurderer normativiteten i undervisningsoppdraget.

Dei ulike syna blir og i nokon grad sett i samanheng med ulike institusjonar og enkeltpersonars innsats. Først og fremst blir fagsyn ved Pedagogisk forskningsinstitutt ved Universitetet i Oslo trekt fram. Arbeidet er utført ved Norsk Lærarakademi i Bergen.

Utvida innhaldsliste

Føreord

A. Tema, forskningsstatus, problemstilling, metode- og kjeldepresentasjon

1. Innleiande temaskisse

2. Forskningsstatus og alternative forskningstilnærmingar

2.1 Norske historiske og systematiske arbeid

2.1.1 Forskning og debatt om pedagogikkfaget i lærarskulen

2.1.2 Tidlegare forskning og debatt om fagsyn ved Pedagogisk forskningsinstitutt ved Universitetet i Oslo

2.1.3 Psykologifaget i Noreg

2.2 Internasjonal lærebokskriving, forskning og debatt

2.3 Nokre alternative teoretiske perspektiv

2.3.1 Allmenne synsmåtar frå didaktisk teori

2.3.2 Eit historisk perspektiv

"Curriculum-history"-tradisjonen

Nokre synspunkt i grenselandet mellom grunnlagsspørsmål i historie og vitskapsfilosofi

2.3.3 Eit faginternt psykologisk kontra eit pedagogisk psykologisk perspektiv

3. Nokre innleiande avgrensingar

3.1 Tidsavgrensing

3.2 Innhaldet i pedagogisk psykologi

3.3 Institusjonsavgrensing

3.4 Problemstillingar og hypotese

3.5 Metode og kjeldepresentasjon

3.5.1 Disposisjon og oppbygging

3.5.2 Generelle synspunkt

3.5.4 Kjelder - generell omtale

Skriftlege læreplandokument med førearbeid. Lover med førearbeid

Lærarskulen:

Pedagogisk forskningsinstitutt:

Lærebøker. Læremateriell

Andre kjelder

 

B. Systematisk skisse

1. Eit psykologihistorisk riss

1.1 Trekk ved tradisjonen etter Thorndike

1.2 Trekk ved tradisjonen etter Dewey

1.3 Humanistisk tradisjon i pedagogisk psykologi

1.4 Kontinental pedagogisk psykologi - to moment

2. Kvantitet, prioritering og opplevd relevans

2.1 Kvantitet og prioritering

2.2 Studentar og lærarar si oppleving av relevans

Storbritannia

Danmark

Noreg

USA

3. Breiddeperspektivet

3.1 Utgangspunkt

3.1.1 Teoretisk fagpsykologisk tilnærming

3.1.2 Praksisorientert tilnærming

3.2 Psykologiinternt kriterium

3.3 Psykologieksternt kriterium

3.4 Spesielle definisjonar og stoffkomponentar

3.5 Fokus på læring av isolerte fag og dugleikar vs. heilskapleg fokusering på oppseding, danning, personlegdomsutvikling, menneskeinnsikt, sjølvinnsikt

4. Bruksperspektivet

5. Allment om vitskapsomgrep og metarefleksjon

5.1 Nokre aspekt ved vitskapssynet

5.2 Normative trekk: Implisitt - eksplisitt. Syntesepreg og synteseintensjon - menneskesyn og "livssyn"

5.2.1 Deskripsjon og normativitet

5.2.2 "Livssyn"

5.2.3 Grunnlagsrefleksjon over pedagogisk psykologi

6. Samanfattande moment med konklusjon

 

C. Historisk del

1. Naboinstitusjonane - ei oversikt med vekt på utviklinga fram til 1950-åra

1.1 Pedagogisk seminar

1.2 Noregs lærarhøgskule

1.3 Sentraladministrasjonen og andre offentlege råd og utval

1.4 Pedagogisk forskningsinstitutt

1.5 Pedagogikkfaget sine nabofag ved universitetet

1.6 Frittståande fagsamanslutningar for fagpedagogar og skulefolk; tidsskrift og skuleblad

1.7 Andre institusjonar for opplysningsarbeid og formidling, fagleg utgreiing og tenesteyting

1.8 Internasjonal kontakt

2 Lærarskuleinstitusjonen - kort tilbakeblikk og introduksjon

3. Nokre metodiske spørsmål i læreplananalysen - kort poengtering

4. 1930-åra sine pedagogikkplanar i lærarskulen

4.1 Pedagogikkplanen av 1930

4.2 Pedagogikkplanen av l939

4.2.1 Kvantitet og prioritering

4.2.2 Breiddeperspektivet

Utgangspunkt

Om fageksklusivitet og noko om breidde i problem- og temaval

Personlegdomsdanning og psykologien

Danning og vekst som grunnomgrep

4.2.3 Bruksperspektivet. Allment om vitskapsomgrep og metarefleksjon

4.2.4 Samandrag

5. Revidert plan av 1965

5.1 Kvantitet og prioritering

5.2. Breiddeperspektivet

5.2.1 Utgangspunktet for omtalen av pedagogisk psykologi i 1965-planen

5.2.2 Temavalet i breiddeperspektiv

5.2.3 Fageksklusivitet

5.2.4 Personlegdomsdanning og psykologi. Danning og vekst som grunnomgrep

5.3 Bruksperspektivet

5.4 Vitskapsomgrep og metarefleksjon

5.5 Moment til samtidshistorisk relatering

5.6 Samandrag og relatering til andre fortolkingar

6. Studieplanar i lærarskulen 1967-1974

6.1 Kvantitet og prioritering

6.2 Breidde

6.2.1 Utgangspunktet for pedagogisk psykologi

Innstillinga frå reglements- og studieplanutvalet av 1971

NOU 1974:58 Lærarutdanning

Studieplanen for allmennlærarutdanninga av 1980

6.2.2 Temavalet i breiddeperspektiv

6.2.3 Fageksklusivitet

6.2.4 Personlegdomsdanning og psykologi. Danning og vekst som grunnomgrep

Forsøksrådets planutkast av l967

Innstillinga frå reglements- og studieplanutvalet av l97l

NOU 1974:58 Lærarutdanning

Studieplan for allmennlærarutdanning (l980)

Samandrag

6. 3 Vitskapsomgrep og metarefleksjon

Forsøksrådets planutkast av l967

Innstillinga frå reglements- og studieplanutvalet av l97l

NOU 1974:58 Lærarutdanning

Studieplan for allmennlærarutdanning (1980)

6.4 Bruksperspektivet

6.5. Samandrag

6.5.1 Kvantitet og prioritering

6.5.2 Breidde

6.5.3 Vitskapsomgrep og metarefleksjon. Bruk av pedagogisk psykologi

7. Lærebøker i pedagogisk psykologi i lærarskulen

7.1 Lærebøker i pedagogisk psykologi i lærarskulen i perioden 1938-1974

7.1.l Lærebøker i perioden 1938-1959

7.1.2 Lærebøker i perioden 1960- 1967

7.1.3 Lærebøker i perioden 1968-1974

7.2 Utval av lærebøker til analyse. Lærebokanalyse som metodisk-fagleg utfordring - kort introduksjon

7.3 Erling Kristviks lærebøker i pedagogisk psykologi

7.3.1 Breidde

Utgangspunkt

Temavalet i breiddeperspektiv

Fageksklusivitet

Personlegdomsdanning og psykologi. Danning og vekst som grunnomgrep.

7.3.2 Vitskapsomgrep og metarefleksjon

7.3.3 Bruksperspektivet

7.3.4 Kristviks lærebøker i pedagogisk psykologi - Samandrag

7.4 Innføring i psykologien av Eva Nordland m.fl.

7.4.1 Generell presentasjon

7.4.2 Debatten om Eva Nordlands psykologi

7.4.3 Nokre grunntrekk ved Eva Nordlands bidrag i Innføring i psykologien

Breidde

Bruk av psykologien

Vitskapsomgrep og metarefleksjon

7.5 Torstein Harbo og Reidar Myhres lærebøker i pedagogisk psykologi

7.5.1 Breidde

Utgangspunkt

Temavalet i breiddeperspektiv

Fageksklusivitet

Personlegdomsdanning ogpsykologi. Danning og vekst som grunnomgrep

7.5.2 Vitskapsomgrep og metarefleksjon

7.5.3 Bruksperspektivet

7.5.4 Samandrag.

7.6. Harald Rørviks lærebok i pedagogisk psykologi

7.6.1 Breidde

Utgangspunkt

Temavalet i breiddeperspektiv

Fageksklusivitet

Personlegdomsdanning og psykologi. Danning og vekst som grunnomgrep

7.6.2 Vitskapsomgrep og metarefleksjon

7.6.3 Bruksperspektivet

8. Kampen om pedagogisk psykologi i individ- og institusjonsperspektiv

Tilbakeblikk og samandrag

8.1 Politisk debatt og offentlege utgreiingar

8.1.1 Eit professorat i pedagogikk blir oppretta - Storingsdebatten i 1936

8.1.2 Generelt om pedagogikkfaget i Stortingsdokument, Stortingsdebattar og offentlege utgreiingar 1938-1974

8.2 Dei vitskaplege institusjonane

8.2.1 PFI og personane der

Johs. Sandven.

Andre i vitskaplege stillingar ved PFI

Læreplandokumenta ved PFI

Eksamensoppgåvene i pedagogikk ved PFI

Studentopposisjonen ved PFI

Oppfatninga av pedagogisk psykologi ved Pedagogisk forskningsinstitutt. Nokre eksterne synspunkt

8.2.2 Psykologane og psykologifaget

Åse Gruda Skard i sjølvpresentasjon og debatt

8.3 Lærarskulelaget, lærarskulens folk og debattantar

8.3.1 Mange små drypp

8.3.2 Forfattarverksemd av ulikt slag

Andre arbeid av Reidar Myhre

Andre arbeid av Torstein Harbo

Wilhelm Aarek: Pedagogiske grunnlagsproblemer (l966)

8.4 Tidsskriftet Prismet og krinsen rundt Institutt for Kristen Oppseding (IKO)

8.5. Ein dansk impuls i norsk pedagogikk: Knud Grue-Sørensen

8.6 Eksamensoppgåvene i lærarskulen - ein indikator på innhaldet i pedagogikkfaget?

8.7 Avslutning

8.7.1 Framstegstru: "bemerkelsesverdige fremskritt" og "betydelig grad av optimisme"

8.7.2 Reservasjon og horisontutviding: "ein sanddunge med facts" - "almendanningen og personlighetsutviklingen" - "det instrumentalistiske mistaket"

 

D. Ei samanfatning

1. Kva er pedagogisk psykologi?

1.1 Breiddeperspektivet

1.2 Bruksperspektivet

1.3 Allment om vitskapsomgrep og metarefleksjon

2. Pedagogikkfaget som undervisningsfag - tradisjonar i norsk pedagogisk psykologi

2.1 Lover og læreplandokument i lærarskulen

2.1.1 Kvantitet og prioritering

2.1.2 Breiddeperspektivet

2.1.3 Deduktiv tenking. Bruksperspektivet

2.1.4 Allment om vitskapsomgrep og metarefleksjon

2.1.5 Læreplanane - i spenninga mellom to tradisjonar

2.2 Lærebøkene i lærarskulen

2.2.1 Kristviks lærebøker Elevkunne og Sjelelære

2.2.2 Harbo og Myhres lærebøker i pedagogisk psykologi

2.2.3 Innføring i pedagogisk psykologi av Harald Rørvik

2.2.4 Generell karakteristikk av lærebøkene 1938-1974

2.3 Undervisning og eksamensoppgåver i lærarskulen

2.4 Institusjonar og enkeltaktørar

2.5 Konklusjon

 

Litteraturliste

Vedlegg 1: Pedagogisk psykologi i fagplanar utanfor pedagogikkfaget 1930-1965

Framandspråkundervisninga som tenar for pedagogikkfaget

Pedagogisk psykologi som innslag i norskfaget

Pedagogisk psykologi i historie- og samfunnsfag

Innslaget av religionspsykologi i kristendomskunnskap

Pedagogisk psykologi i praktisk-estetiske fag

Innslaget av pedagogisk psykologi i metodikk og praktisk lærargjerning

Samandrag

 

Vedlegg 2 Eksamensoppgåver til lærarprøva 1938-1974